Pilgrimsleia
i Ogndal
Pilegrimsleia
kryssar grensa mellom Steinkjer og Snåsa ca 500 meter
nordvest for varden på Grønberget. Etter ein halv kilometer
kjem vi fram til den attgrodde setervollen
Skjelstadbakkseteren med ein mur og ei namneplate på
setervollen. Det er fin utsikt i alle retningar og lett å
gå dei siste 5 km utover ryggen på Høghevillen og ned
Klyvberget til Skjelstadbakken i Ogndal.
Utsikt
frå Høghevillen og Klyvberget
Høghevillen ligg 458 moh. Frå denne åsryggen er det fritt
utsyn i alle retningar. I nordvest ligg Roktdalen med
Raudbeinklumpen, Brannheia, Roktheia og Ogndal-Giskheia på
andre sida av dalen.
På søraustsida ser vi Skjækerfjella,
med Skjækerhatten på 1139 moh., som er det høgaste fjellet
i Snåsa kommune. Vidare sørover fra Skjækerhatten ser vi
Sukkertoppen, Løysmundhatten, Tilhengaren og Kvitrevvola
med Glupen imellom. Nedafor Klyvberget ligg Lustadvatnet
med Skjelstadgrenda på nordsia. På den andre sida av
Lustadvatnet ser vi Stor-Gaulstadhøgda, og bak henne
Stortjønnklumpen og Semsklumpen. Vi kan og sjå Hermansnasa
(1035 moh.), som ligg mellom Inndalen og Meråker. Det meste
av den skogen vi ser, hører til Steinkjer kommune. Skogen
vart samla av D. A. Gram i 1803 og kjøpt av Ogndal kommune
i 1902. Dei neste 15 åra vart gardane med ein del skog
selde til private.
Frå Skjelstadbakken følgjer leia
gardsvegen ned til fylkesvegen, og vi følgjer denne vegen
fram til der Nordfjellstien startar. Vi passerer gardane
Skjelstad og Lustad.
Stad-eininga i gardsnamna Skjelstad,
Lustad og Gaulstad tyder på busetjing omkring 600 e.Kr. På
Skjelstad er det funne eit bolleforma klebersteinskar med
form frå eldre jarnalder. Her finst gravhaugar og spor
etter jarnvinneanlegg. I området nærast vatnet er det funne
spor etter steinalderbuplassar. Heile fjellbyga låg aude
frå rundt 1300 til 1600. Årsaka kan vere svartedauden i
1349 - 50. Da vegen rundt Lustadvatnet kom i 1959, vart
bygda på nytt nesten avfolka. Skjelstadbakken er den siste
av gardane i grenda der det framleis bur folk.
Garden
Lustad ligg nærare vatnet. Han og er fråflytta. Her ligg
“Bodomheimen”, ein stor fritidsbustad, som vart tømra og
sett opp i 1889 av konsul Bodom, ein av eigarane av
Ogndalsbruket. “Heimen” var seinare overteken av
Fylkesmannsembetet.
Etter Skjelstad og Lustad følgjer leia
Nordfjellstien. Dette er den gamle vegen som busetjinga på
Skjelstad - Lustad brukte. Det er 6 -7 km langs stien til
Roktgården.
Roktgården
Roktgården er ein øydegard. Dei første opplysningane om
garden er frp 1668. Han vart fråflytta ca. 1800. Om lag 600
m aust for Roktgården ligg “smeltehytta”, der Mokk-gruva
smelta kopparkis i åra 1777 til 1783. Den korte
tidsperioden viser at dette var eit lite lønnsamt prosjekt,
På den andre sida av elva ligg eit fangstanlegg med seks
gravar og restar etter kolmiler.
Frå Roktgården følgjer vi
ein skogsbilveg med bru over Sør-Rokta (Ogna) ca. 3000
meter fram til riksveg 752. Denne vegen følgjer vi vidare i
12 km nedover til Støa. Like før vi kjem til Bodom kapell,
går vegen over Fånettbrua, ei kvelva steinbru frå 1905.
Bodom
kapell
Barnebarna til D. A. Gram, søskena Ellen Mathilde og David
Christian Bodom, testamenterte midlar til å setje opp eit
kapell lenger ut i Ogndalen, og Bodom kapell vart bygd i
1905.
Frå Støa følgjer vi ein gardsveg/skogbilveg ca. 1000
meter og deretter “Kolåsfjellvegen” 2500 meter til Svean i
Henning.
Kolåsfjellvegen
Kolåsfjellvegen er den gamle ferdselsvegen mellom Ogndal og
Henning i Sparbu. I nærleiken av vegen ligg eit
fangstanlegg med 18 dyregraver. Kolåsfjellvegen vart brukt
til kjøring til rundt 1900. Da vart det bygd bru over Ogna
ved Brandsegga. Samtidig vart det gjort skikkeleg
vedlikehald på Kolåsfjellvegen for siste gong. Vegen vart
brukt av folk til fots eller på sykkel fram til 1950 - 60
åra, da skogsgrøftene gjorde han uframkommeleg.
Kilde:
”Pilgrimsleia Megard - Stiklestad”. Utgitt av historielaga
i Snåsa, Ogndal, Sparbu og Verdal i samarbeid med
Fylkesmannen i Nord-Trøndelag, miljøvernavdelingen,
1998