Frå
gamle dager…
Dette
ble funnet nedskrevet på noen ark i en gammel skuff. Vi har
tatt oss tid til å skrive det ned på PC - nøyaktig slik det
er skrevet for hånd. D.v.s. ingen korrigeringer eller
formaliseringer av språket.
Fortalt av Anton Strugstad, Ogndal
I gamle dagar tok dei til med arbeidet nokså tidleg. Om
vinteren gjekk dei på låven kl. 5. Om somaren i slottonna
t.d. kunne dei gå ut med ljåen kl. 4 for å nytta
morgondogga. Fysste måltidet om morgonen kalla dei
mårråsbit. Dei åt da lit kaffe kakeskivar og potetkake. Det
er også fortald at om vinteren når karane skulde gå på
låven for å lesske tok dei seg ein dram. Kl. 8 var det
frokost. Det var då oppstekt graut og stekt flesk, brød og
potetkake og kaffe. Kl. 12 var det dugul. Her sa dei “dul”
med tjukk l. Neste arbeidsoft kalla dei nonsofta og
måltidet kl. 4 kalla dei “non”. So var det kveldsmat kl. 8.
Det var da graut og mjølk. Det fantes stader der maten vart
skift millan arbeidsfolka. Det kulle vara kjøt og flesk som
vart skifta ved middagsbordet. Dersom det var nokre som
fikk til gode av rasjonen vart det gjøymt til dei åt
nonsmaten. Historier om folk som var grådige med maten
kjenner en ikkje til.
Husbond og tenarar sat ved samme
bord. Husbonden sat ved øvste bordenden.
Kvellsetn kalla
dei ”kvellsete” her. I mørketida om vinteren når det var
kalt ute og mørkt tok karane med seg arbeid inn og sat i
daglegstua med det. Dei kunde vøla ein slede ei skåk og
lignende gjera seg laber o.s.b. Dette vart kalla
kvellsetarbeid.
Har ikkje høyrd at tenarar arbeidde på 2
rom. På ein vanleg gård var det taus og dreng og gjætar.
Dei hadde lita kontantløn. Men drengen fekk ein kledres og
2 par sko for året og heimvove ty til underbukse.
Tausa
fekk kjolety, sko og ein sau fødd og fekk utbyttet av denne
når han vart slakta om hausten. Rett til kyskeskyss har ein
ikkje høyrd om. Husmennene hadde pliktarbeid i onnetidene
og måtte møte opp til våronn, slåttonn, skuronn og
potetonn.
Å taka lauv om hausten vart rekna for
kvinnfolkarbeid. Likeså å vaska og klippe sauer haust og
vår. Det var vanleg at gardguten arbeidde heime til han tok
over garden. Men ofte var han komen langt opp i åra fyrr
han tok over. Dei gamle vilde nødig ta seg kår al den stund
dei hadde helse og mot til å stelle med garden.
Her var
det skjeldan folk vart uforlikt om krøtera. Vart som oftast
ordna ved at dei sente bod til kvarandre. Det var reglar
for jven som skulde halda garen (gjerdet) i stand. Mot
innmarka var det gardeigaren som heldt gar. Husmann måtte
halda gar rundt plassen, men fekk ta garfang i skogen som
gjekk nedåt innmarka. Gartypene var fastbandgar og den
midlertidige gar kalla dei ”skjekgar”.
Den gamle regel om
attlatning av grind og staurle vart nøyaktig passa.
Der
krøtera gjekk vart det kalla ”gjeltskogen” og gjætarane kom
i kontakt med kvarandre med laling. Some hadde også
bukkehorn dei spela på. Buskapen kjende dei på bjella.
Bjellkua hadde ei stor messingbjella, sau og geit hadde
mindre jarnbjelle (”skrakkelbjelle”).
Det hende at det var
varg i skogane. Ein gjætar på Sør-Bruem som heitte Sakarias
Ognes traff varg i Bruemmarka. guten kauka då sopas at folk
på nærast gardane høyrde det og strauk tilskogs for å jage
varg. Huldrekyr har ein ikkje høyrd om her.
For å undgå
svelteforing om våren måtte karane tilskogs å hogge selje
og osp som dei køyrde heim og skava borken av og ga
krøtera. Ris av bjørk og granbar vart og bruka.
Når dei
henta smågris måtte ein lure med seg nokre halmstrå fra
bolet der grispurka låg og legge desse strå i bolet der
litlgrisen skulde ligge.
Sauene vart merkte som lam og dei
hadde kvar sitt merke i øra på sauen. Det var hakk, 2 hakk,
avklipt øresnipp o.s.b. i den eine øra. Sauene vart ofte
gjæta saman med kyrne so det var skjeldan sauleiting om
hausten.
Byttarbeid vart gjort og då serleg når poteten
skulde takast om hausten.
Dugnad vart gjort når dei skulde
tekkje tak med spon. Og når det hende at det var nokon sjuk
eller arbeidsufør hos husmannen t.d. i slottonna, samlast
ungdomen i grenda og gjorde slottonn på ein kveld. Dei
gardar som hadde seter eller slotteng heldt kvar for seg.
Ei av kvinnfolka på garden og gjætaren var då på
sætra.