Referat fra årsmøtet

Årsmøtet på Gildevangen 28. februar starta med å vedta endringar i vedtektene framlagt på årsmøtet i fjor.( Andre gongs handsaming.)
Historielaget går nytt arbeidsår i møte med samme mannskap som i fjor . Alle som var på valg vart attvalgde , og styret er som følger:
Formann, Helge Tønne
Styremedlemmer: Magne Andersson , Turid Giskås, Svein Solheim og Inger Alise Brandsegg.
Varamedlemmer: Snorre Bragstad og Arild Køhl.

Av årsmeldinga går det fram at laget legg ned eit stort arbeid med utbetring og vedlikehald av den gamle nedlagde bygdevegen slik at han skal stå fram som eit attraktivt turtilbud for folk i bygda.Nytt av året er utviding av tilbodet med strekninga frå Risgropa til Skei. Arbeidet med å få til bru over Mokkaelva ved Sagfossen er godt i gang og er planlagt ferdig sommaren -07.
Av arrangement viser årsmeldinga til :
Aktivitetsdag på Egge museum.
Tjuandagskveld på Vålen
Vandringar : 1.juni Skei – Fossem, 25. juni til Bakkhaugan med Abrahamsvollen og 29. juni kveldstur til Rokne smeltehytte

Det er gjennomført to vellukka bussturar med historisk innhald sist sommar: 1. juli var det todagers tur til Ørlandet og 10. september dagtur til Trondheim.

Arbeidsplanen for neste år er sterkt prega av aktivitetar retta opp mot 150-årsjubileumet til Steinkjer by. - 11. - 13. mai deltek vi saman med dei andre historielaga på ”Jubileumsmartnad” -14. mai skal laget hjelpa skolane med arrangement av lokal kulturminnedag.
-24. mai blir det vandring etter pilgrimsleia frå Støa over Kolåsfjellet til Susegg saman med Sparbu historielag.
-3. juni er det vandring frå Fagerheim mellom fornminner over Geilvollhalla til Helgefeltet. Dette i samarbeid med Egge historielag
-8. –10. juni. Presentasjon av historielaga i kommunen i samband med årsmøtet til Landslaget for lokalhistorie.
-27. juni, 3 dagers busstur med historisk innhald er planlagt til Dombås-Dovre-Lesja-Grimsdalen –Folldal og traktene omkring.
Den store oppgaven er likevel å få på plass brua over Mokkaelva slik at vi kan ha høgtidsam opning i september.
Laget seier seg glad og takksam for viljen til dugnadsinnsats som har vori, og med von om same velvilje også framover vil bruprosjektet bli realisert og laget går framtida i møte med friskt mot.