Tjuandagskveld i Ogndal
06.01.07
Laurdag
13. januar kl. 19.00 på Vålen.
Vi inviterer alle som er glade i bygda si til hyggekveld på Vålen samfunnshus. Om bakgrunnen for tradisjon og skikkar omkring jula og tjuandagen fortel Berit Tønne.
Vi venter besøk av representantar frå ”Kvennavikgutane” (teatergruppe v/ Tore Strugstad.) Dei har som regel mange fantastiske bragder å fortelja om. Men som vi veit er det og mange frå bygda vår som har historier å fortelja,- både heilt sanne og nesten sanne, og difor gir vi ordet fritt til alle som måtte kjenna seg provosert.
Det blir premiering etter trekking til personar som har besøkt turkassane våre.
Til nykokt kaffe byr vi på eit rikt utvalg av restar frå julebaksten.
Heile kvelden har vi med oss trivselsmusikk ved Håkon Wigen, og så kan vi prate sammen ved borda; og dersom vi får lyst,-kanskje ein svingom,-eller ein song !
Ingen inngangspengar, men vi satser på ein kaffespleis.
Velkommen til hyggeleg tjuandagskveld !!
Ogndal historielag