Bodom kapell

, Stengt for kommentering

Av Jorunn Foss

Har sett meg ut plassen der kvila er får,
i lag med venner i helgedagsfred.
Hit den siste ferda går
når vandringsstaven må leggast ned.

Namn og årstall på gravmerke stend
og fortel oss om farne år.
Her kviler kvinner og menn
som levde i grenda vår.

Namna vi kjenner, minner oss om
at her kviler kjære og kjende.
Nokre hit i ungdommen kom
og andre i alderdom kan hende.

Her granskogen står i stram giv akt
og storbjørka her like ved.
Dei står ved kyrkjegarden vakt,
og susar sitt bud om signing og fred

Har sett meg ut plassen der kvilaeg får,
når det ein gong for meg er blitt kveld.
Så ofte tankane i løyndom går,
til vårt kjære Bodom Kapell.